Om oss
Om løypelaget
Hamlagrø løypelag er registrert i Frivillighetsregisteret og Enhetsregisteret og har organisasjons nr. 998 835 798.
Laget sitt føremål er å opparbeida og drifta skiløyper i Hamlagrø/Bergsdalen-området, medrekna å inngå avtalar for leigde tenester som stør føremålet. Laget har eit ikkje- økonomisk føremål. Laget skal ikkje driva næringsvirksemd, og heller ikke betala utbytte til medlemmane. Eventuelt overskot skal avsetjast til investeringar/drift for framtida. Verksemda kan også omfatte sumaraktivitetar, som f.eks rydding, merking og skilting av traseer stiar og anna. Verksemda baserer seg på frivillige bidrag fra hytteeigarar, grunneiegarar, idrettslag, næringsliv og andre.
Foreninga har vidare ansvar for:
- Organisering av løypelaget og forhold til ulike typer interessentar.
- Sørga for å sikre gode skiløyper til alle brukarar i området, herunder fastbuande, hytteeigarar, idrettslag, tilreisande, grunneigarar og andre brukarar.
- Merking og skilting av løyper.
- Sommervedlikehald og tilrettelegging for løypepreparering av trasear for skiløyper innenfor Løypelaget sine områder.
- Sørge for å finansiere opparbeiding og drift av løypetraseer.
- Inngå og fylja opp avtale med entreprenørar om opparbeiding og løypepreparering.
- Klargjera forholdet til berørte grunneiegarar vedrørande løyve til motorferdsel i forbindelse med opparbeiding og preparering





